Kommunar i Sverige

Kommunane i det spreiddbygde nord er langt større enn kommunane i sør.

Kommunane i Sverige er dei 290 einingane Sverige er delt inn i, som er styrte av ei folkevald forsamling (kommunfullmäktige), og som har oppgåver som utdanning, primærhelsetenesta og tekniske tenester. Forsamlinga delegerer styresmakt i den daglege drifta av kommunen til eit slags formannskap (kommunstyrelsen), som leier kommuneverksemda. Organisatorisk og oppgåvemessig er kommunane relativt like dei norske kommunane.

Alle kommunene er også delte inn i lågare nivå, bydels- eller sokneforsamlingar, som det i alt er 2 512 av. Desse organiserer og gjennomfører valavvikling på røystekrinsnivå, og har nokre funksjonar ved folketeljingar. Større kommunar har det ein i Noreg kallar bydelsforvaltingar med bydelsutval (kommundelsnämnder), ofte kalla områdesnämnd eller stadsdelsnämnd.

Kvar kommune ligg geografisk i eit av dei 21 lena i landet. Kommunane i Sverige er relativt store i internasjonal samanheng, det er ei einskapleg organisering av dei, og dei er sidestilte med kvarandre utan noko innbyrdes hierarki. Det skjer ei gradvis auke i talet på kommunar, ein trend som starta med ein del kommunedelingar mellom 1980 og 1993. Slik går Sverige i motsett retning av Noreg, der kommunesamanslåing er trenden.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne