Kuwait

دولة الكويت
Dawlat al-Kuwait

(norsk: Kuwait, kuwaitisk)

Det kuwaitiske flagget Det kuwaitiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Al-nasheed al-watani»
Motto For Kuwait
Geografisk plassering av Kuwait
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Kuwait by
Styresett
Monarki
Mishal Al-Ahmad Al-Sabah
Mohammed Sabah Al-Salem Al-Sabah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 818 km² (154.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2005)
 – Tettleik
 
2 875 422 (139.)
2 213 403
161,4 /km² (54.)
Sjølvstende
Erklært frå Storbritannia
19. juni 1961
Nasjonaldag 25. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
288 800 mill. USD (51.)
83 100 USD (7.)
Valuta Kuwaitisk dinar (KWD)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +965
Toppnivådomene .kw


Kuwait (arabisk دولة الكويت), offisielt Staten Kuwait, er eit land i Vest-Asia. Det ligg heilt nord i Aust-Arabia inst i Persiabukta. Landet grensar til Irak og Saudi-Arabia. I 2014 var folketalet i Kuwait 4,1 millionar innbyggjarar. Av desse var 1,2 millionar kuwaitarar og 2,8 millionar utanlandske arbeidarar.[1]

På 1700- og 1800-talet var Kuwait ein blømande handelsstad.[2][3] Frå tidleg på 1900-talet var det økonomiske nedgangstider der, og før 1934 hadde Kuwait mista si verd som knutepunkt for handel over større avstandar.[4] Økonomien i Kuwait vart øydelagd av fleire handelsblokadar,[5] som byrja med blokaden til Det britiske imperiet i den fyrste verdskrigen.[6][7] Etter Kuwait-Najd-krigen i 1919–1920 innførte Saudi-Arabia ein handelsblokade mot landet frå 1923 til 1937.[5][8]

Det vart oppdaga olje i landet i 1938. Frå 1946 til 1982 vart landet kraftig modernisert. I 1980-åra opplevde Kuwait ein periode med geopolitisk ustabilitet, og ei økonomisk krise fylgde eit børskrakk. I 1990 vart Kuwait invadert av Irak. Den irakiske okkupasjonen vart avslutta i 1991 etter Golfkrigen der USA leia styrkane. Mot slutten av krigen vart det gjort store freistnader på å betre økonomien og byggje opp att den nasjonal infrastrukturen.

Kuwait er eit konstitusjonelt emirat med ein høginntektsøkonomi, som er støtta av den sjette største oljereserven i verda. Kuwaitisk dinar er den høgast verdsette valutaen i verda.[9] Landet er rangert høgt samanlikna med resten av regionen når det gjeld borgarrettsvern,[10][11][12] pressefridom og konstitusjonalisme.[13][14][11][12] I nyare år har politisk ustabilitet hindra økonomisk diversifisering i landet.[15][16]

  1. «2013 Population Census». Government of Kuwait. 2013. Arkivert frå originalen 13. mars 2014. Henta 3. september 2017. 
  2. Furlong, Tom (14. april 1991). «The Rocky Road That Faces Many Kuwaiti Merchants». Los Angeles Times. «Before oil was discovered in Kuwait 53 years ago, the country was largely a nation of merchant traders. Its natural harbor made Kuwait a hub of Middle East commerce and a center for boat building.» 
  3. Berkowitz, Peter (11. juli 2003). «Democracy in Kuwait». The Weekly Standard. Arkivert frå originalen 13. oktober 2014. Henta 3. september 2017. «Home to one of only two natural ports in Persiabukta, Kuwait has for hundreds of years been a commercial and cosmopolitan center.» 
  4. Allison, Mary Bruins, MD (1994). Doctor Mary in Arabia: Memoirs. Austin, Texas: The University of Texas Press. ISBN 9780292792272. 
  5. 5,0 5,1 Tétreault, Mary Ann (1995). The Kuwait Petroleum Corporation and the Economics of the New World Order. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing Group. s. 2–3. ISBN 0-89930-510-5. LCCN 94-15877. 
  6. Lea, David, red. (2001). A Political Chronology of the Middle East. London: Europa Publications. s. 142. ISBN 9781857431155. 
  7. Scudder, Lewis R. (1998). The Arabian Mission's Story: In Search of Abraham's Other Son. Grand Rapids, Michigan: Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 104. ISBN 9780802846167. 
  8. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet do
  9. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet curr
  10. Ibrahim Ahmed Elbadawi, Atif Abdallah Kubursi. «Kuwaiti Democracy: Illusive or Resilient;» (PDF). American University of Beirut. s. 7. Arkivert frå originalen (PDF) 23. september 2015. Henta 3. september 2017. 
  11. 11,0 11,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rsf
  12. 12,0 12,1 «Kuwait - The New York Times». New York Times. 
  13. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet lead
  14. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet wsj
  15. «Political instability halts development projects in Kuwait». CPI Financial. 
  16. Bladd, Joanne (2. september 2017). «Battling Inertia – Kuwait’s Dilemma Continues». Gulf Business. Arkivert frå originalen 15. oktober 2015. Henta 3. september 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne