Kvam herad

Kvam herad
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Norheimsund
Areal 617 km²
 •  land 582 km²
 •  vatn 35 km²
Folketal 8 496  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Torgeir Næss (Ap)
Kommunenr. 4622
Kart
Kvam herad
60°22′12″N 6°08′38″E / 60.37°N 6.1438888888889°E / 60.37; 6.1438888888889
Wikimedia Commons: Kvam
Nettstad: www.kvam.kommune.no

Kvam herad er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Vaksdal, i nord og aust mot Voss i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Bjørnafjorden og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang.

Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.

Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming.

Norheimsund
Ingebrigt Vik-museet i Øystese
Tørvikbygd

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne