Laurdag

Veka

Laurdag er den einaste dagen i veka som ikkje er kalla opp etter nokon gud eller himmellekam. I staden viser namnet til det ein brukte å gjera på denne dagen, nemleg å bada eller lauga seg. På andre språk er dagen gjerne kalla opp etter sabbaten, den jødiske kviledagen, eller den romerske guden Saturn. På maorispråket er han òg kalla vaskedagen, rahoroi.

Det er vanleg å halda val denne dagen i Australia, og på New Zealand er det den einaste lovlege valdagen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne