Libanon

الجمهوريّة البنانيّة
Al Jumhuriyah al Lubnaniyah

(norsk: Libanon, libanesisk)

Det libanesiske flagget Det libanesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Koullouna Lilouataan Lil Oula Lil Alam»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Libanon
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Beirut
Styresett
Republikk
Michel Aoun
Najib Mikati
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
10 400 km² (164.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
6 229 794 (107.)
599 /km² (11.)
Sjølvstende
Frå Frankrike

22. november 1943
Nasjonaldag 22. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
83 860 mill. USD (84.)
19 500 USD (68.)
Valuta Libanesisk pund
Tidssone UTC +2
Telefonkode +961
Toppnivådomene .lb


Libanon (arabisk لبنان, Libnān eller Lubnān, arameisk: לבנאנ), offisielt Den libanesiske republikken[nb 1] (arabisk الجمهورية اللبنانية, Al-Jumhūrīyah Al-Libnānīyah) er eit land i Vest-Asia. Det grensar til Syria i nord og aust og Israel i sør. Libanon ligg ved den kulturelle krossvegen mellom Middelhavet og det arabiske innlandet og dette har diktert den rike historia til landet og forma ein mangfaldig religiøs og etnisk kulturidentitet.[1] Trass i den vesle storleiken til landet[2] er libanesisk kultur kjend både i Midtausten og i verda, styrka av den store libanesiske diasporaen.

Dei tidlegaste arkeologiske funna etter sivilisasjon i Libanon går attende meir enn sju tusen år, før skriftleg historie.[3] Libanon var heimstaden til fønikarane, ein maritim kultur som florerte i over tusen år (ca. 1550–539 fvt.). I 64 fvt. kom regionen under Romarriket, og vart etter kvart eit av dei leiande sentera for kristendom i riket. I Libanonfjella vart klostertradisjonen kalla den maronittiske kyrkja grunnlagd. Då dei muslimske arabarane erobra regionen, held maronittane på religionen og identiteten sin. Ei ny religiøs gruppe, drusarane, oppstod òg i Libanonfjella, eit religiøst skilje som varte i mange hundreår. Under krosstoga fekk maronittane igjen kontakt med den katolske kyrkja og danna eit fellesskap med Roma. Banda dei knytte med latinarane har påverka regionen inn i moderne tid.

Regionen kom etter kvart under Det osmanske riket, eit politisk rike som eksisterte frå 1299 til 1923. Då riket kollapsa etter fyrste verdskrigen, vart dei fem provinsane som utgjer dagens Libanon gjevne til Frankrike som eit mandatområde. Franskmennene utvida grensene i Libanonfjella, som stort sett var folkesett av maronittar og drusarar, og inkluderte fleire muslimar. Libanon fekk sjølvstende i 1943, og oppretta eit unikt politisk system – «konfesjonalisme» – som er ein maktfordelingsmekanisme basert på religiøse samfunn. Bechara El Khoury (den første sjølvstendige, libanesiske presidenten), Riad El-Solh (den første libanesiske statsministeren) og Emir Majid Arslan (den første libanesiske forsvarsministeren) vert rekna som grunnleggjarane av den moderne libanesiske republikken og er nasjonalheltar for å ha gjeve landet sjølvstende. Dei franske soldatane trekte seg ut av Libanon i 1946.[4]

Libanon var fyrst eit relativt stabilt land.[5] Stabiliteten var kortlivd og enda med utbrotet av den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) mellom ulike politiske og sekteriske partar. Delar av landet vart også utsett for utanlandsk militær okkupasjon av Syria frå 1976 til 2005 og av Israel frå 1985 til 2000. Før borgarkrigen hadde landet ein relativt roleg periode med velstand, driven av turisme, jordbruk, handel og bankverksemd.[6] På grunn av økonomisk makt og mangfald vart Libanon i glanstida kjend som «det austlege Sveits».[7] Mange turistar kom til hovudstaden, Beirut, som vart kalla «Midtaustens Paris».[8] Mot slutten av krigen vart det gjort store forsøk på å gjenoppfriske økonomien og bygge opp att den nasjonale infrastrukturen.[9]

Libanon er eit utviklingsland, rangert som nummer 92 på Human Development Index, eit av dei høgaste i den arabiske verda utanom dei oljerike landa i Persiabukta.[10] Det er vorte klassifisert som eit øvre mellominntektsland.[11] Den libanesiske likviditetskrisa, korrupsjon og andre utfordringar har ført til valutakollaps, politisk ustabilitet, varemangel, høg arbeidsløyse og fattigdom.[12] Libanon er eit av grunnleggjarlanda til Dei sameinte nasjonane og medlem av Den arabiske ligaen, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Organisation internationale de la Francophonie.


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «nb», men inkje samsvarande <references group="nb"/>-merke vart funne

  1. McGowen, Afaf Sabeh (1989). «Historical Setting». I Collelo, Thomas. Libanon: A Country Study. Area Handbook Series (3rd utg.). Washington, D.C.: The Division. OCLC 18907889. Henta 24. juli 2009. 
  2. «Lebanon country profile». BBC News. 24 August 2011. Arkivert frå originalen 16 October 2018. Henta 21 June 2018. 
  3. Dumper, Michael; Stanley, Bruce E.; Abu-Lughod, Janet L. (2006). Cities of the Middle East and North Africa. Afvt.-CLIO. s. 104. ISBN 1-57607-919-8. 
  4. «Background Note: Lebanon». U.S. Department of State. 1. desember 2011. Henta 3. juli 2014. 
  5. «Background Note: Lebanon». U.S. Department of State. 22 March 2010. Henta 4 October 2010. 
  6. «Background Note: Lebanon». U.S. Department of State. 22. mars 2010. Henta 3. juli 2014. 
  7. Moubayed, Sami (5. september 2007). «Lebanon douses a terrorist fire». Asia Times. Arkivert frå originalen 10. august 2016. Henta 3. juli 2014. 
  8. Anna Johnson (2006). «Lebanon: Tourism Depends on Stability». Henta 3. juli 2014. 
  9. «Lebanon: Country Profile». Canadian International Development Agency. Arkivert frå originalen 30. mai 2008. Henta 3. juli 2014. 
  10. «World Economic Situation and Prospects (WESP) Statistical Annex: Country Classification» (PDF). un.org. Henta 28 September 2020. 
  11. «World Economic Situation and Prospects (WESP) Statistical Annex: Country Classification» (PDF). un.org. Henta 28 September 2020. 
  12. «Lebanon: Why the country is in crisis». bbc.com. British Broadcasting Corporation. 2020. Henta 10 October 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne