Lillehammer kommune

Lillehammer kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Lillehammer
Areal 478,16 km²
 •  land 453,16 km²
 •  vatn 25 km²
Folketal 28 768  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Hans Olav Sundfør (H)
Kommunenr. 3405
Kart
Lillehammer kommune
61°06′53″N 10°28′03″E / 61.11464°N 10.46743°E / 61.11464; 10.46743
Wikimedia Commons: Lillehammer
Nettstad: www.lillehammer.kommune.no

Lillehammer kommune er ein kommune i Innlandet fylke, ved nordenden av Mjøsa. Kommunen grensar i nord mot Øyer, i søraust mot Ringsaker, i sør mot Gjøvik, i sørvest mot Nordre Land, og i vest mot Gausdal. Kyrkjeleg er Lillehammer prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Namnet «Lillehammer» kjem frå gammalnorsk hamarr som tyder berghammar og «Litli-» i samanheng med Hamar og Storhamar.

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese reknast som byen sin grunnleggjar. I 1964 vart kommunen slege saman med Fåberg.

Motivet på kommunevåpenet syner til soga om Håkon Håkonson som vart redda frå baglarane av birkebeinarane Torstein Skjelva og Skjervald Skrukka. Dei to birkebeinarane heldt truleg til ved Hammer gard, som den opphavlege tettstaden Lillehammer voks ut i frå. Ruta birkebeinarane tok over fjellet til Østerdalen er bakgrunnen for skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet over fjellet mellom Lillehammer og Rena kvart år.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne