Lucille av Little Richard

Lucille
Singel av Little Richard[1]
B-side

«Send Me Some Lovin’»

Språk fransk
Utgjeve Februar 1957
Innspelt 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:21
Selskap Specialty
Tekstforfattar Albert Collins
Låtskrivar(ar) Albert Collins, Little Richard
Little Richard[1]-kronologi 
«The Girl Can't Help It»

(1956)

Lucille «Jenny, Jenny»

(1957)


«Lucille» er ein rock and roll-song frå 1957 opphavleg spelt inn av Little Richard. Songen kom ut som singel på Specialty Records i februar 1957. Han gjekk til topps på Billboard R&B-lista og nådde 21. plassen på den amerikanske poplista,[2] og tiandeplassen på den britiske singellista. Songen vart skriven av Albert Collins (må ikkje forvekslast med bluesgitaristen med same namn) og Little Richard. Songen var først berre tilskriven Collins, men Little Richard kjøpte halve songretten medan Collins sat i Louisiana statsfengsel (Angola).

Songen er retta mot ei kvinne, Lucille. Ho har forlate songaren, og han tryglar henne om å koma tilbake, der ho høyrer heime («Lucille, please, come back where you belong»).[3]

Songen var eit frampeik mot den rytmiske kjensla i rockemusiken i 1960-åra på fleire måtar med ei tung basslinje, eit meir langsamt tempo og ein trommerytme med åttandedelsnotar. Songen har òg taktstopp og ingen endringar i harmonien, og han har ein mørkare lyd fordi dei fleste instrumenta er eit lågt register.[4]

  1. Maury Dean, Rock 'n' Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia (Algora Publishing, 2003), 77.
  2. Jay Warner, On this Day in Black Music History (Hal Leonard Corporation, 2006), 84.
  3. Heile songtekstenMetroLyrics
  4. Michael Campbell & James Brody (2007), Rock and Roll: An Introduction, page 117

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne