Luster kommune

61°26′N 7°27′E / 61.433°N 7.450°E / 61.433; 7.450

Luster kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Gaupne
Areal 2 707 km²
 •  land 2 608 km²
 •  vatn 99 km²
Folketal 5 371  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Andreas Wollnick Wiese (Sp) (2023)
Kommunenr. 4644
Kart
Luster kommune
61°29′38″N 7°19′46″E / 61.493889°N 7.329444°E / 61.493889; 7.329444
Wikimedia Commons: Luster
Nettstad: www.luster.kommune.no

Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den nest største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg kring Lustrafjorden inst i Sognefjorden.

Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.

Store Skagastølstind «Storen» på 2405 moh., det høgste fjellet i Vestland og det tredje høgste fjellet i Noreg, markerer kommunegrensa.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne