Lys

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lys (fleirtyding).
Lysstrålar gjennom eit vindauge.

Synleg lys (ofte berre kalla lys eller ljos) er elektromagnetisk stråling som er synleg for det menneskelege auga og er ansvarleg for det vi sansar som syn.[1] Synleg lys er ein grunnleggjande faktor i vera til mennesket og andre organismar. Tilhøva mennesket har til ljoset har alltid hatt både praktiske, kjenslemessige og intuitive aspekt som uløyseleg hengjer saman, og det er få eller ingen andre ord som har så djupe og allsidig forgreina røter i kulturhistoria.[2]

Synleg lys har ei bølgjelengd i området frå kring 380 nanometer til kring 740 nm – mellom usynleg infraraudt lys, med lengre bølgjelengder og usynleg ultrafiolett lys, med kortare bølgjelengder.

Dei viktigaste eigenskapane til synleg lys er intensitet, forplantingsretning, frekvens eller bølgjelengd og polarisering. Lysfarten i vakuum er 299 792 458 meter per sekund og er ein av dei fundamentale konstantane i naturen. I daglegtalen seier ein oftast at lyset har ein fart på 300 000 km i sekundet. Både synleg lys og all anna elektromagnetisk stråling flyttar seg alltid med denne farten i vakuum.

Som alle former for elektromagnetisk stråling, vert synleg lys emittert og absorbert i små «pakkar» kalla foton, og har eigenskapar som både bølgjer og partiklar. Denne eigenskapen vert kalla bølgje-partikkel-dualiteten. Studiet av lys vert kalla optikk og er eit viktig forskingsområde i moderne fysikk.

I fysikk kan stundom «lys» syne til elektromagnetisk stråling med alle slags bølgjelengder, same om det er synleg eller ikkje.[3][4] Denne artikkelen fokuserer på synleg lys. For meir generell handsaming, sjå elektromagnetisk stråling.

  1. CIE (1987). International Lighting Vocabulary Arkivert 2010-02-27 ved Wayback Machine.. Number 17.4. CIE, 4th edition. ISBN 978-3-900734-07-7.
    By the International Lighting Vocabulary, the definition of light is: “Any radiation capable of causing a visual sensation directly.”
  2. «lys – fysikk» (27.10.2011), Store norske leksikon.
  3. Gregory Hallock Smith (2006). Camera lenses: from box camera to digital. SPIE Press. s. 4. ISBN 978-0-8194-6093-6. 
  4. Narinder Kumar (2008). Comprehensive Physics XII. Laxmi Publications. s. 1416. ISBN 978-81-7008-592-8. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne