Madeira

Madeira
øygruppe
Flagg
Symbol
Land  Portugal
Areal 801 km²
Folketal 250 769 (2021)[1]
Kart
Madeira
32°45′N 17°00′W / 32.75°N 17°W / 32.75; -17
Wikimedia Commons: Madeira

Madeira er ei øygruppe i Nord-Atlanteren. Øygruppa er ein sjølvstyrt region i Portugal. Hovudstaden heter Funchal. Sjølv om øya geografisk høyrer til Afrika, og ligg 650 km utanfor kysten, høyrer ho politisk og kulturelt til Europa, som ligg 955 km unna.

På to av øyane, Madeira og Porto Santo, bur det folk. I tillegg finst fem aude øyar fordelt på to mindre øygrupper; Ilhas Selvagens og Ilhas Desertas.

Madeira vart av romarane kalla Dei fiolette øyane og vart gjenoppdaga av portugisiske sjømenn mellom 1418 og 1420. Øygruppa vert rekna som først oppdaga av Henrik Sjøfararen frå Portugal. Øyane er ein populær feriestad året rundt og er kjend for madeiravinen, blomar og broderte handverk. Nyårsfeiringa på Madeira er òg kjend og ifølgje Guinnes rekordbok er fyrverkeriet i feiringa det største i verda.[2]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ine.pt/xportal/xmain?xpid=INE&xpgid=ine_indicadores&contecto=pi&indOcorrCod=0011166&selTab=tab0.
  2. Madeira “largest firework display in the world”, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 22. juni 2008 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne