Marmor

Marmor.

Marmor (gresk: marmaros, «skinande stein») er ein metamorf bergart som hovudsakleg består av mineralet kalsitt (ein krystallinsk form for kalsiumkarbonat CaCO3), som betyr at steinen inneheld mykje kalsium, karbon og oksygen. Steinen er mykje brukt som materiale til skulpturar og bygningar, og har i tillegg ei mengd andre bruksområde. Det finst store førekomstar av marmor i Noreg.

Innanfor kunsthistorie og arkeologi brukar ein marmor som nemning også på andre steinartar nytta i skulptur og arkitektur, som sandstein og granitt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne