Melhus kommune

Melhus kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Melhus
Areal 695 km²
 •  land 660 km²
 •  vatn 35 km²
Folketal 17 560  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Jorid Jagtøyen (Sp)
Kommunenr. 5028
Kart
Melhus kommune
63°10′00″N 10°18′00″E / 63.166667°N 10.3°E / 63.166667; 10.3
Wikimedia Commons: Melhus
Nettstad: www.melhus.kommune.no

Melhus er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Trondheim kommune i nord, Selbu aust, Midtre Gauldal i sør og til Orkland og Skaun kommunar i vest.

Melhus kommune blei skipa i 1838. Kommunen slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Den gamle kommunen Melhus har i ettertid ofte blitt kalla «Nedre Melhus». Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne