Mobiltelefon

Samsung mobiltelefon.
Mobiltelefon frå 1980-talet

Mobiltelefon (ofte berre mobil) er ein berbar kombinert radiosendar og -mottakar, med mikrofon og høgtalar for samtalar via eit mobilnett. Framover i 2000-talet vart mobiltelefonane etter kvart utstyrt med skjerm for å kunne nyttast til andre tenester enn berre samatalar, som til dømes sendingar av tekstmeldingar og bilete, og fekk dessutan innebygde miniatyrkamera. Etter kvart kom såkalla smarttelefonar på marknaden som gav full tilgang til internett, e-post, bank- og betalingstenester, internettspel, overføring av filmar og nyhendeprogram som kunne sjåast på telefonen og mykje meir, og med kamera som gjorde telefonen til eit digitalt miniatyrkamera av god kvalitet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne