Molde

Molde
by
Molde sett frå Moldefjorden
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Areal 9,34 km²
Folketal 21 854  (2023)
Folketettleik 2 340 / km²
Postnummer 6400 MOLDE
Innbyggjarnamn moldensar, molding
Preposisjon i / på Molde
Kart
Molde
62°44′15″N 7°09′47″E / 62.7375°N 7.16305556°E / 62.7375; 7.16305556

Molde er ein by og administrasjonssenteret i Molde kommune i Møre og Romsdal. Byen ligg på nordsida av Moldefjorden, ei fjordstrekning i den opne, breie delen av Romsdalsfjorden, innanfor Otrøya. Tettstaden Molde omfattar det gamle bysentrumet og byggefelta rundt byen, og har 21 854 innbyggjarar per 1. januar 2023.

I Molde ligg fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal. Byen er også sete for statsforvaltaren og har fleire fylkeskommunale og statlege institusjonar. Molde har regionalt sjukehus og regionteater. Det ligg fleire vidaregåande skolar i byen. Høgskolen i Molde har avdelingar for økonomi, informatikk, samfunnsfag og helse- og sosialfag. Molde er bispesete for Møre bispedømme.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne