Molde kommune

Molde kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Molde
Areal 1 503,36 km²
 •  land 1 437,80 km²
 •  vatn 65,56 km²
Folketal 32 816  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Trygve Grydeland (H) (2023)
Kommunenr. 1506
Kart
Molde kommune
62°44′00″N 7°11′00″E / 62.733333°N 7.183333°E / 62.733333; 7.183333
Wikimedia Commons: Molde
Nettstad: www.molde.kommune.no

Molde er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Molde kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Molde, Nesset, og Midsund kommune blei slåtte saman til nye Molde kommune.[1] Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 1503 km²., meir enn det tredoble av Molde sitt areal før år 2020.[2]

Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden. Dessutan heile nordsida av Langfjorden, rundt Eidsvågen og Eresfjorden, øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²). Kommunen grensar no til Aukra kommune, Hustadvika kommune og Gjemnes i nord, Vestnes og Rauma i sør, Ålesund kommune i sørvest, Sunndal i aust og til Lesja i Innlandet fylke i søraust.

Byen Molde har eit velkjent utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.

Molde i februar 2005, med Seilet hotell i framgrunnen

Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.

Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens "Rosmersholm". Molde vert vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.

Høgskolen i Molde ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innan fagområda, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.

I Molde ligg òg republikken Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.

1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet "Rosenes by".

Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).

Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ssbregionar
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet kvareal

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne