Molo

Molo av tilhogd stein
Molo av utsprengt stein frå fjell
Armerte betongblokker, type Tetrapod

Ein molo er eit byggverk i sjøen til vern mot bølgjer og uvêr. Dette vernet gir ly og hamn for båtar og kaier. Dei fleste moloar er landfaste i eine enden og går i ei kurve ut frå land, slik at enden tilnærma går parallelt med landsida. Det kan òg vera to moloar som går ut frå land, den eine lenger ut og forbi den andre som gir eit skjerma innløp. Det finst òg moloar som ikkje er landfaste.

Mange moloar er bygd i ei kurve, dette for å sleppa at dei enkelte bølgjene slår til langs heile moloen samstundes, dette for å sleppa skadar på moloen. Nokre moloar er utstyrt med brystvern, fortøyningsringar og leidarar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne