Monarki

Undersåttar lovsprisar kong Vaclav II av Böhmen i denne illustrasjonen frå Codex Manesse frå 1300-talet.

Monarki kjem frå gresk, og betyr eine-styre, det vil seie at éin monark styrer over eit land. Monarkar kan ha titlar som konge, dronning, keisar, eller keisarinne. Monarkar har i praksis sjeldan styrt aleine, men delt makta si med adelen, sine eigne embetsmenn eller ei folkevald nasjonalforsamling.

I Danmark-Noreg var kongen i prinsippet eineveldig frå 1660 til 1814. Sidan da har vi hatt eit konstitusjonelt monarki, der makta til kongen er blitt gradvis minska. Særleg skjedde dette da parlamentarismen blei innført i Noreg i 1884. Den svensk-norske felleskongen kunne frå da av ikkje utnemne kven han ville til den norske regjeringa. Etter 1905 har Noreg hatt eigen monark. Dette skjedde etter ei folkerøysting der ca. 75 % røysta for monarki og ca 25. % for republikk.

I Politikken av Aristoteles er monarki nemninga på det gode kongedømet, det er det styresettet der éin person styrer ein bystat med alle i staten sitt beste for auga.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne