Natt

Verda om natta slik ho ser ut frå verdsrommet (Samansett satellittbilde frå NASA)

Natt er den delen av døgnet då det er mørkt. Astronomisk kan det definerast som den tida sola er under horisonten på ein viss stad. Netter vil likevel som regel vera kortare enn dagar fordi sollyset blir brote i atmosfæren når sola er like nedanfor horisonten.

Lys natt i Finland i juli.

Lengda på natta varierer etter årstida og kva breiddegrad ein er på. Jo nærare ein stad er til ein av polane, jo større er lengdevariasjonen. På Nord- og Sørpolen opplever ein polarnetter, netter som varer nær eitt halvår.

Mørke netter let ein kan sjå månelys, stjernehimmelen og polarlys, og er derfor ei viktig tid for astronomar.

Månelys natt i Köln.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne