Nedstrandkyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Haugaland | ||
Sokn | Nedstrand | ||
Fellesråd | Tysvær | ||
Arkitekt | H.D.F. Linstow og Conrad Fredrik von der Lippe | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 15. juli 1868 | ||
Tårn | I vest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Klokker | 2 | ||
Preikestol | (1868) | ||
Døypefont | (1868) | ||
Altartavle | Thomas Snikkar/Peter Reimers | ||
Orgel | Bruno Christensen (1989) | ||
Sitjeplassar | 480 | ||
Nedstrand kyrkje 59°20′59″N 5°47′59″E / 59.34972222°N 5.79972222°E | |||
Wikimedia Commons: Nedstrand kyrkje |
Nedstrand kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 i Tysvær kommune i Rogaland fylke.
Kyrkja er basert på arkitekt Linstow sine standardteikningar for ein normalplan for kyrkjebygg frå 1829. Kyrkja har mange av grunntrekka frå Linstow, men arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe stod ganske fritt i utforminga. Dei same teikningane er seinare lagde til grunn ved oppføringa av Leveld kyrkje, Torpo kyrkje og Ål kyrkje.[1]
Byggverket er i tre og har 480 sitjeplassar. Altartavla og kyrkjeklokkene er frå den tidlegare kyrkja.
Det har vore kyrkje i Nedstrand sidan mellomalderen, og ein trur at mellomalderkyrkja vart ombygd og utvida på 1600-talet slik at ho såg ut som ei tømmerkyrkje. Denne kyrkja stod på den gamle delen av kyrkjegarden, litt lengre aust. Dagens kyrkje er vest for kyrkjegarden, og det finst òg ein kyrkjegardsparsell sør for kyrkja. Prestegarden[2] er vest for kyrkja.