Nidelva

For elva i Agder, sjå Nidelva i Agder.
Nidelva
elv
Nidelva i Trondheim. Tatt frå Bakke bru mot Gamle Bybru
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Renn gjennom Tiller, Leirfossene, Stavne,
Trondheim sentrum
Lengd 30 km
Kjelde Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu
Munning Trondheimsfjorden ved Brattøra i Trondheim
Kart
Nidelva
63°15′28″N 10°31′41″E / 63.257738°N 10.527992°E / 63.257738; 10.527992
Wikimedia Commons: Nidelva, Trøndelag

Nidelva er ei 30 km lang elv i Trøndelag fylke. Ho har utspringet sitt ved Bjørsjøen like nedanfor Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu kommune. Ved Hyttfossen ligg Hyttfossen dam som regulerer Selbusjøen. Nedanfor Hyttfossen ligg Løkaunet kraftstasjon, og elva renn vidare forbi Svean kraftstasjon. Lengre mot nord i Klæbu ligg Fjæremsfossen dam og kraftstasjon. Frå der renn ho nordover forbi Tiller til Leirfossene der det er to vasskraftverk. Vidare har ho eit svingete (meandrerande) løp forbi Stavne og gjennom Trondheim sentrum. Ho munnar ut i Trondheimsfjorden ved Brattøra (nær Trondheim sentralstasjon).

Nidelva er nedste del av Nea-Nidelvvassdraget.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne