Norddal kommune

Norddal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Valldal
Areal 944 km²
 •  land 902 km²
 •  vatn 42 km²
Målform nynorsk
Ordførar Arne Sandnes (Sp)
Kommunenr. 1524
Kart
Norddal
62°17′32″N 7°26′18″E / 62.292222222222°N 7.4383333333333°E / 62.292222222222; 7.4383333333333
Wikimedia Commons: Norddal
Nettstad: www.norddal.kommune.no

Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune.

Utsikt over Norddalsfjorden, Hauge og Ruset på åsryggen, Fjørå og Vika nedanfor, Osvika på andre sida, Eidsdal og Linge i bakgrunnen.

Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.

Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.

Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna.[1]

  1. http://storfjordens-venner.no/

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne