Nordhordland prosti

60°34′19″N 5°13′59″E / 60.57194°N 5.23306°E / 60.57194; 5.23306

Alversund kyrkje frå 1879.
Foto: B Ystebo

Nordhordland prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. Prosten har sete i Isdalstø (Alversund).

Gulen og Solund vart overført til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013[1], medan Osterøy vart overført frå prostiet til Åsane prosti i 2014.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

  1. «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.
  2. «Endringar i prostigrenser»

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne