Norheimsund

Norheimsund
tettstad
Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Areal 3,93 km²
Folketal 4 619  (2023)
Folketettleik 1 175 / km²
Postnummer 5600 NORHEIMSUND
Innbyggjarnamn Grovalark
Preposisjon i Norheimsund
Kart
Norheimsund
60°22′00″N 6°08′00″E / 60.36666667°N 6.13333333°E / 60.36666667; 6.13333333
Norheimsund ligg i ytre Hardanger
Norheimsund ligg i ytre Hardanger
Norheimsund ligg i ytre Hardanger
Wikimedia Commons: Norheimsund
Norheimsund frå tidleg 1900-tal, truleg kring 1908. Hotellet er bygd og sentrum har utvikla seg.

Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Vestland. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen, ligg ved Norheimsund.

Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og har om lag 50 butikkar og fleire tenester. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi. Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 vann Norheimsund Statens pris for attraktiv stad. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.[1]

Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Begge er tildelt Olavsrosa for å vera eit «fyrtårn i Norsk Kulturarvs produktspekter». Kyrkja i Norheimsund, invigd i 1992, er bygd på dugnad og med innsamlingar. Borgstova på Vikøy prestegard er kjend som «Tidemandstova», fordi biletkunstnaren Adolph Tidemand henta inspirasjon til fleire av måleria sine her, mellom anna Haugianarane.

Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtruter mot Utne og Eidfjord, bussruter mot Bergen, mot Voss, og mot Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad. Lokalavisa for Kvam og Jondal, Hordaland Folkeblad, kjem ut i Norheimsund.

  1. «Prisvinnande stadutvikling i Norheimsund». Regjeringa.no. 24.05.2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne