Oman

لطنة عُمانS
Saltanat Uman

(norsk: Oman, omansk)

Det omanske flagget Det omanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nashid as-Salaam as-Sultani»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Oman
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Muscat
Styresett
Monarki (Sultanat)
Haitham bin Tariq Al Said
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
309 500 km² (70.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 424 386 (133.)
11,1 /km² (180.)
Sjølvstende
Frå Portugal
1650
Nasjonaldag 18. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
171 700 mill. USD (66.)
47 500 USD (23.)
Valuta Omansk rial (OMR)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +968
Toppnivådomene .om


Oman (arabisk عمان, ʻUmān), offisielt Sultanatet Oman (arabisk سلطنة عُمان, Salṭanat ʻUmān), er eit arabisk land på søraustkysten av Den arabiske halvøya. Det har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Persiabukta, med grense til Dei sameinte arabiske emirata i nordvest, Saudi-Arabia i vest og Jemen i sørvest, og ei maritim grense med Iran og Pakistan. Kysten er forma av Arabiahavet i søraust og Omanbukta i nordaust. Eksklavane Madha og Musandam er omgjevne av UAE med Hormuzsundet og Omanbukta langs kysten av Musandam.

Frå seint på 1600-talet var det omanske sultanatet eit mektig rike, og kjempa med Portugal og Storbritannia om makt i Persiabukta og Indiahavet. På det største på 1800-talet strekte den omanske makta seg over Hormuzsundet til dagens Iran og Pakistan, og så langt sør som Zanzibar (i dag ein del av Tanzania).[1] Då makta vart svekt på 1900-talet, kom sultanatet under britisk påverknad. Historisk var Muscat den viktigaste hamnebyen kring Persiabukta, og ei av dei viktigaste i Indiahavet. Den offisielle religionen i Oman er islam.

Oman er eit absolutt monarki.[2] Sultanen Qaboos bin Said al Said herska over landet frå 1970 til han døydde i 2020.[2] Han var lenge den lengstsitjande statsleiaren i Midtausten.[3] Stoda til menneskerettane i Oman har vorte kritisert.[4][5][6]

I motsetnad til dei ressursrike nabolanda, har Oman berre moderate oljereservar, og er rangert på 25. plass globalt.[7][8] Likevel rangerte UNDP i 2010 Oman som det landet som har utvikla seg mest i løpet av dei føregåande 40 åra. Oman er kategorisert som høginntektsland og er rangert som det 59. mest fredelege landet i verda ifylgje Global Peace Index.[9][10]

  1. Kharusi, N. S. (2012). «The ethnic label Zinjibari: Politics and language choice implications among Swahili speakers in Oman». Ethnicities 12 (3): 335. doi:10.1177/1468796811432681. 
  2. 2,0 2,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rule
  3. «Arab uprising: Country by country - Oman». BBC News. 2013. Henta 2. juni 2016. 
  4. «Torture in Oman». Gulf Center for Human Rights. 2014. Henta 2. juni 2016. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet prev
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet bti
  7. «Oman profile – Overview». BBC News. 11. september 2012. Henta 31. mai 2016. 
  8. «Private sector gets Omanisation targets». Gulf News. 13. februar 2011. Henta 31. mai 2016. 
  9. «Five Arab states among top leaders in long-term development gains». Hdr.undp.org. 4. november 2010. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 2. juni 2016. 
  10. «2010 Failed States Index – Interactive Map and Rankings». Foreign Policy. Henta 2. juni 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne