Petrokjemi

Oljeraffineri i Onești i Romania i 1964.

Petrokjemi er eit fagfelt innan kjemi som tek for seg stoff og reaksjonar av råvarer frå petroleum (råolje og naturgass).[1] Faget er sentralt for prosessindustrien for olje og gass – petrokjemisk industri. Kjemikalia går gjerne gjennom fleire ulike typar prosessar, der det først blir framstilt halvfabrikata som igjen blir vidareforedla til petrokjemiske produkt.

Petrokjemisk industri byrja for alvor å bli utvikla i USA under andre verdskrigen og i etterkrigstida. I Noreg blei verksemda viktig frå 1950-talet.[1]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne