Politisk parti

Eit politisk parti er ein organisasjon av menneske som har til dels likt syn i politiske spørsmål, og på den måten har nokonlunde sams oppfatting av korleis samfunnet bør organiserast. Målsetjinga med eit politisk parti er å øve innflyting på politiske avgjerder i samfunnet. Dei fleste norske partia vel å gjere dette gjennom å utdanne eigne medlemmer i politiske saker og stille til val i stortings-, fylkesstyre- og kommuneval. (Det finst unnatak; Akp har til dømes aldri stilt nokon representantar til val, utanom gjennom Raud Valallianse)

I Noreg byrja partia å vekse fram etter innføringa av parlamentarismen. Venstre er det eldste norske partiet, tett følgt av Høgre.

For at eit politisk parti skal kunne stille til Stortingsval i Noreg må det klare å samle inn 5 000 underskrifter for å verte registrert i Brønnøysundsregisteret.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne