Porsgrunn kommune

Porsgrunn kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Porsgrunn
Areal 164,45 km²
 •  land 161,36 km²
 •  vatn 3,09 km²
Folketal 37 193  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Janicke Andreassen (Ap)
Kommunenr. 4001
Kart
Porsgrunn
59°08′31″N 9°39′24″E / 59.1419°N 9.6568°E / 59.1419; 9.6568
Wikimedia Commons: Porsgrunn
Nettstad: www.porsgrunn.kommune.no

Porsgrunn kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen blei slegen i hop med dei tidlegare kommunane Brevik og Eidanger 1. januar 1964. Porsgrunn kommune grensar i nord til Skien kommune og Siljan kommune, i aust mot Larvik kommune, og i vest mot Bamble kommune. Høgaste punkt er Fjerdingen, 361 moh.

Porsgrunn by er administrasjonssenteret i kommunen. Byen ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget og er ein viktig industriby.

Av næringsverksemd i Porsgrunn er det tung- og prosessindustri som skil seg ut. Norsk Hydro med Agri og Polymer-divisjonane, er Porsgrunn sin største industri-arbeidsgjevar. Yara, ein av dei største kunstgjødsel-fabrikkane i verda, er lokalisert her. Porsgrunds Porselænsfabrik, Eramet og Norcem er andre viktige industrielle aktørar i Porsgrunn.

Av kulturartilskipingar kan ein mellom anna nemna Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival (PIT).[1]

Bybakken i Porsgrunn
Porsgrunnselva med «Øssia» (Austsida/Østsida) i bakgrunnen
  1. http://www.pit.no

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne