Prestegard

Borre prestegard i nærleiken av Borre kyrkje i Horten kommune. Hovudbygningen med sidefløya vart freda i 1991.

Prestegard er eit gardsbruk som er knytt til eit presteembete, ofte eit sokneprestembete, og ligg gjerne i nærleiken soknekyrkja. Mange av prestegardane skriv seg frå mellomalderen og var opphavleg benefisert gods (benefisert eigedom), altså jordeigedom som låg til eit embete, og som beneficiarius (embetsmannen i dette embetet) dreiv sjølv og fekk inntektene av, eller hadde leigeinntekter av ved å overlate drifta til andre. Slike benifiserte gods var viktige for å sikre prestane levemåten ved å vere både bustad og inntektskjelde for dei. Prestane hadde sjølv ansvaret for drifta av garden, vanlegvis ved ein paktar. I 1821 ble alt benefiserte gods, òg omtalt som prestebordgodset, lagt til Opplysningsvesenets fond. Tilsynet med prestegarden i kvar kommune vart lagt til eit prestegardstilsyn med medlemar som kommunestyret utpeika.

I samband med at prestane skulle gå over på det vanlege lønsregulativet for statstilsette tenestemenn, skulle prestegardane paktast bort når det var mogleg, og prestane få vanlege embetsbustader. Avgjerder om sal, bortfeste og anna avhending av prestegardar ligg til Kongen (regjeringa i statsråd). Drifta av prestegardar som ikkje er pakta bort skal gå føre seg for Opplysningsvesenets fonds rekning, og inntektene nyttast til vedlikehald av driftsbygningar og bustadhus og anna på prestegardane.

Mange av prestegardane er viktige kulturminne, og fleire av dei er freda. Opplysningsvesenets fond eig såleis ei stor mengd prestegardar og prestebustadar med særs stor kulturhistorisk verde, og desse skal fondet vere eigar av i framtida òg. Men det pågår ein diskusjon om kva for gardar og bustader som bør prioriterast. Fondet legg stor vekt på at det skal bu prestar på dei eigedomane som fondet vel å eige av kulturminneomsyn, og vil leggje til rette for dette. Fleire av desse eigedomane ligg dessutan i område av landet der det trengst bustad for å få tilsett prest.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne