Realisme

Albertine i politilægens venteværelse av Christian Krohg. Krohg tok opp realistiske problem i det han skreiv og måla. Måleriet er realistisk, det minner om eit fotografi.

Realisme (frå latin res, 'ting, sak, tilhøve' i forma realis, og -isme) er eit omgrep for noko som er nært knytt til røyndom. Eit realistisk livssyn kan vera ei oppfatting som byggjer på konkrete kjensgjerningar, medan realistiske handlingar tek utgangspunkt i dei faktiske tilhøva. Realisme kan vera ein motsats til romantikk eller idealisme. Ein realist vil gi eit totalbilete av verkeligheita og livet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne