Regjeringa Solberg

Regjeringa Solberg var Noregs regjering frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 med statsminister Erna Solberg som regjeringssjef. Regjeringa tiltredde etter den borgarlege valsigeren ved stortingsvalet i 2013, og fekk eit fornya parlamentarisk fleirtal bak seg etter stortingsvalet 2017.

I byrjinga gjekk regjeringa ut frå Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp). Ho vart også kalla Høgre–Frp–regjeringa og den «blåblå» regjeringa,[1] og baserte seg på ein samarbeidsavtale med Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).[2] Den 17. januar 2018 vart regjeringa utvida med Venstre og vart då kalla den «blågrøne» regjeringa.[3] Den 22. januar 2019 vart regjeringa utvida med Kristeleg Folkeparti.[4] Dimed vart Solberg-regjeringa den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985.

24. januar 2020 gjekk Frp ut av regjeringa, og vart det første partiet i Noregs historie som har forlate ei sitjande regjering. Regjeringa heldt fram som mindretalsregjering og styrte på grunnlag av Granavolden-erklæringa, som var utarbeidd i 2019 av dei fire borgarlege partia.

  1. Frank Ertesvåg, Sigrid Helene Svendsen, Synnøve Åsebø, Ingeborg Huse Amundsen, Nilas Johnsen og Lars Joakim Skarvøy (7. oktober 2013). «Vil ikke hete Solberg-regjeringen». VG. Henta 25. januar 2019. 
  2. Lars Glomnes, Marie Melgård og Karen Tjernshaugen (30. september 2013). «Høyre og Frp går i forhandlinger». Aftenposten. 
  3. Utvidelse av regjeringen – ikke ny regjering
  4. Ny utvidelse av regjeringen – ikke ny regjering

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne