Regnskog

Tropisk regnskog i Senegal i Afrika
Temperert regnskog i Washington i USA.

Regnskog er ein type skog der det er høg årleg nedbør av regn, minst 1800-2000 mm.[1] Den eksakte definisjonen av regnskog er noko uklar. Regnskogane på jorda ligg som eit sporadisk, breitt belte kring ekvator. Slike skogar finst i Mellom-Amerika og Vestindia, i nordre halvdel av Sør-Amerika, Sentral-Afrika, i tillegg til Søraust-Asia. Skogane minskar heile tida i storleik på grunn av menneska si verksemd. Avskoging har vorte ei utfordring på mange kontinent. Ein regnskog er rik på ulike arter av planter og dyr. I regnskogane finn ein ⅔ av alle dyreartene og planteartene på jorda. Det vert rekna at det i tillegg finst millionar av arter som enda ikkje er vorte oppdaga og klassifiserte.

Ein reknar med at regnskogen står for kring 40 % av oksygenet i atmosfæren, gjennom fotosyntesen. Vegetasjonen er ein viktig forbrukar av atmosfærisk karbondioksid. Med alle sine funksjonar er regnskogane mykje viktige for klimaet på jorda.

Det finst to typar regnskog, tropisk regnskog og temperert regnskog. Tropisk regnskog er det ein ofte omtalar som regnskog. I ein tropisk regnskog er det alltid varmt og fuktig, mellom 27 og 35 gradar. Temperert regnskog finst i visse tempererte område med fuktige vestvindar som til dømes den nordvestlege kysten av Nord-Amerika, sørlege Chile, Australia sin søraustlege kyst og New Zealand. I regnskogar er nedbøren høg, noko som kan føra til at jorda vert skyld vekk i flaumar.

Fram til år 2000 har over 150 000 km² regnskog forsvunne årleg, på grunn av menneskelege handlingar. Regnskogfondet er ein norsk organisasjon som arbeider for å verna regnskogane.[1]

  1. 1,0 1,1 Hjermann, Dag Øystein; Larsen, Henning (17. januar 2022). «regnskog». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne