Roman

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Roman (fleirtyding).
Satyrischer Roman Der Galanten Welt zur vergnügten Curiosité ans Licht gestellet Von MENANTES. Av Christian Friedrich Hunold, 1710.

Ein roman er ei lengre, oppdikta prosaforteljing som gjerne blir utgjeven som eiga bok. Som regel skildrar ein roman livet og skjebnen til eitt eller fleire menneske. Forfattaren kan velja å leggja vekt på ytre hendingar og miljøskildringar, eller konsentrera seg om karakterutviklinga til personane.

Romanen er skjønnlitteratur, og skal difor framfor alt oppfattast som fiksjon, sjølv om det kan vere vist til historiske hendingar og personar i forteljinga. Romanen skil seg såleis frå sakprosa ved ikkje å framstå som ei framstilling av sanne hendingar og vitskaplege haldbare konklusjonar.

Romanen skil seg dessutan seg frå annan skjønnlitteratur ved å vere ei løpande prosaforteljing som ikkje er delt inn i verseliner, slik epos og lyrikk og poesi er, og at forteljinga er monaleg lengre enn slike prosaforteljingar som vert kalla noveller, eventyr, segn, fabel og liknande.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne