Senegal

République du Sénégal

(norsk: Senegal, senegalesisk)

Det senegalesiske flagget Det senegalesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pincez Tous vos Koras, Frappez les Balafons»
Motto Fransk: Un peuple, un but, une foi
(eit folk, eit mål, ei tru)
Geografisk plassering av Senegal
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Dakar
Styresett
Republikk
Bassirou Diomaye Faye
Ousmane Sonko
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
196 722 km² (87.)
2,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
14 668 522 (72.)
74,6 /km² (110.)
Sjølvstende
  - År
Frå Frankrike
1959
Nasjonaldag 4. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
36 300 mill. USD (114.)
2 800 USD (164.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +221
Toppnivådomene .sn


Senegal er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Gambia i vest, Mauritania i nord, Mali i aust og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det ligg sør for Senegalelva med kyst mot Atlanterhavet i vest, og har her kystgrense mot Kapp Verde. Dakar er hovudstaden i landet.

Senegal blei oppretta i 1960 etter oppløysinga av Mali-føderasjonen, som var blitt oppretta av tidlegare franske koloniar i 1959. Den største folkegruppa i landet er volof-folk, som utgjer rundt 43 % av innbyggjarane. Deretter følgjer fulaniar (ca. 23 %) og sererfolk (ca. 15 %). Dei aller fleste innbyggjarane er muslimar (rundt 94 %), medan eit mindretal er kristne (5 %) eller følgjer tradisjonelle religionar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne