Serbia

Република Србија
Republika Srbija

(norsk: Serbia, serbisk)

Det serbiske flagget Det serbiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Bože Pravde»
Motto Samo sloga Srbina spasava (Berre sameining reddar serbarane)
Geografisk plassering av Serbia
Offisielle språk Serbisk
Hovudstad Beograd
Styresett
Republikk
Aleksandar Vučić
Miloš Vučević
Flatevidd
 – Totalt
 
77 474 km² (116.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
7 111 024 (101.)
106,34/km² (—.)
Sjølvstende
Frå Det osmanske riket
Frå Serbia og Montenegro
13. juli 1878
3. juli 2006
Nasjonaldag 15. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
97 270 mill. USD (80.)
14 300 USD (91.)
Valuta Serbisk dinar1
Tidssone UTC +1
Telefonkode +381
Toppnivådomene .rs

1 Euro i nokre område.

Serbia (serbisk Србија, Srbija) er eit land i Mellom- og Søraust-Europa, som dekkjer den sørlege delen av Den pannoniske sletta og sentrale område av Balkan. Det grensar til Ungarn i nord, Romania og Bulgaria i aust, Nord-Makedonia, Kosovo og Montenegro i sør og Bosnia-Hercegovina og Kroatia i vest.

Hovudstaden i landet er Beograd. Sjølv om landet ikkje har kystlinje, har det 2000 km med vassvegar langs Donau, Sava og Tisza, samt Donau-Tisa-Donau-kanalen.[1]

I fleire hundreår har Serbia lege ved, og vorte forma av, den kulturelle grensa mellom Austen og Vesten. I mellomalderen var Serbia eit mektig kongedøme som dekte det meste av Balkan, men denne staten forsvann på midten av 1500-talet under stridane mellom Det osmanske riket, Republikken Venezia, Kongedømet Ungarn og seinare Det austerrikske riket.

Den serbiske revolusjonen mot det osmanske styret i 1817 markerte starten på fyrstedømet Serbia, som låg rundt regionen Šumadija. Dette var den første nasjonalstaten i Mellom- og Aust-Europa.[2] Formelt sjølvstyret fekk landet i 1878. I 1913 vart Kosovo erobra[3] frå Det osmanske riket. I 1918 følgde region Srem og Vojvodina og det nye kongedømet Serbia vart oppretta.

Dei noverande landegrensene vart oppretta etter den andre verdskrigen, då Serbia vart ei føderal eining i Jugoslavia. Etter at Jugoslavia vart delt i 1990-åra vart Serbia igjen ein sjølvstendig stat i 2006, då ei folkerøysting i Montenegro gjekk inn for oppløysing av sambandet Serbia og Montenegro i mai 2006. Serbia vart åtskilt frå Montenegro 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Serbia er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet. Det er ein potensiell kandidat for medlemskap i EU og er eit militært nøytralt land.[4]

Den sørlege provinsen Kosovo erklærte seg sjølvstendig 17. februar 2008. Kosovo var formelt ein del av Serbia, men de facto under NATO administrasjon sidan 1999. Serbia, samt Tryggingsrådet i SN, har ikkje anerkjend sjølvstende til Kosovo så langt.[5]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. januar 2009, henta 21. mars 2009 
  2. http://staff.lib.msu.edu/sowards/balkan/lecture5.html
  3. «Is Kosovo Serbia? We ask a historian» guardian.co.uk. Vitja 21. mars 2009
  4. http://www.becei.org/evropski%20forumi%20u%20pdf-u/Evropski_forum_No._4,_2008.pdf
  5. http://www.reuters.com/article/worldNews/idUSTRE49780C20081008

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne