Skal vi danse

Skal vi danse?
Typefjernsynsprogram
OpphavslandNoreg
Sesongar15
Basert påStrictly Come Dancing
RegiSandra Hafsahl
Skal vi danse er den norske utgåva av eit britisk fjernsynskonsept der kjendisar tevlar i dans. Biletet viser bokseren Steffen Tangstad på generalprøve til serien i 2006.

Skal vi danse er eit britisk fjernsynskonsept (Strictly Come Dancing) som er selt til meir enn 30 land. Den norske utgåva er produsert av Monster Entertainment og send på TV 2. Jon Peder Olrud og Geir Bie var produsentar i første sesongen. Seinare sesongar har vorte produsert av Ingvild Daae. Serien hadde premiere på TV 2 den 17. januar 2006.

I programserien dansar kjendisar med profesjonelle selskapsdansarar og vert vurdert av eit dommarpanel og av TV-sjåarane. Kvart par består av ein kjendis og ein profesjonell dansar. Para med færrast stemmer får ikkje delta i neste runde.

Programserien har hatt høge seertall i Noreg med eit snitt på mellom 600 000 og 700 000 seere. Hausten 2008 sette det rekorden med 733 000 seere i snitt på sesongpremieren. Berre finaleepisoder av programmet har hatt høgare tal.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne