Ski kommune

Ski kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ski
Areal 166 km²
 •  land 162 km²
 •  vatn km²
Målform nøytral
Ordførar Tuva Moflag (Ap)
Kommunenr. 0213
Kart
Ski kommune
59°44′31″N 10°53′38″E / 59.741944444444°N 10.893888888889°E / 59.741944444444; 10.893888888889
Wikimedia Commons: Ski, Norway
Nettstad: www.ski.kommune.no

Ski var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa til Oppegård og Oslo kommune i nord, Enebakk og Hobøl i aust , Ås i sør og mot Frogn i vest. Den 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Oppegård kommune til Nordre Follo kommune.[1]

Kråkstad kyrkje, ei av dei to mellomalderkyrkjene i Ski
Foto: Øyvind Holmstad
Ski stasjon snur mange lokaltog frå Oslo.
Foto: Trond Strandsberg

Ski var òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.

Namnet «Ski» kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.

Kommunen omfatta tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).

  1. «Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne