Skule

Elevar ved arbeidspultane i eit klasserom ved elitegymnaset Menntaskólinn HraðbrautIsland.

Ein skule eller skole er ein offentleg eller privat institusjon, eventuelt ein lærestad, der det blir undervist i fleire ulike fag, som regel for å gi born og unge kompetanse for eit yrkesliv som vaksne. Undervisinga går føre seg gjennom eit samvirke mellom ein eller fleire lærarar som gjev undervising og ei gruppe eller klasse elevar eller studentar som får undervising. Ordet skule blir òg nytta om sjølve bygningen der undervisinga går føre seg. Skule kan òg tyde stil- eller læredannande retning innan eit fag, og i vid forstand danning eller oppdraging.

I dei fleste landa er ein viss skulegang påkravd i løpet av oppveksten. Skuleplikta byrjar som regel når barnet er seks eller sju år og varer ofte til fylte 15 eller 16 år. Slik er det også i Noreg, og denne typen pliktig skulegang blir kalla grunnskule. I dag har alle rett til tre års vidaregåande skule i tillegg til den tiårige grunnskulen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne