Sognefjorden

Sognefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen, Hyllestad, Høyanger, Lærdal, Sogndal, Vik
Kart
Sognefjorden
61°06′00″N 5°10′00″E / 61.1°N 5.1666666666667°E / 61.1; 5.1666666666667
Wikimedia Commons: Sognefjorden

Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og etter grønlandske Scoresbysund den nest lengste fjorden i verda.

Fjorden ligg i Vestland fylke og strekkjer seg frå foten av Jotunheimen i aust og mot kysten av Vestlandet. Han er 205 km lang frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Dei største djupnene ligg innover i fjorden; ved munningen er botnen berre 100 meter under havoverflata.

Over fjorden går ei kraftline med eit spenn på 4597 meter. Dette er den nest lengste kraftlina i verda.

Satellittbilete av Sognefjorden. (Kjelde: NASA)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne