Sommartid

██ Område som nyttar sommartid (engelsk: daylight saving time, DST) ██ Område som tidlegare har nytta sommartid ██ Område som aldri har nytta sommartid

Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet.

Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrigen; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte.

Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.

I Europa var det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje hadde sommartid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne