Stadsbygd

63°30′42.574″N 10°0′50.537″E / 63.51182611°N 10.01403806°E / 63.51182611; 10.01403806 Stadsbygd er ein tidlegare kommune i tidlegare Sør-Trøndelag fylke, som opphavleg femna det meste av tidlegare Rissa kommune og austlege delar av dagens Agdenes kommune. Stadsbygd er i dag ei bygd og eit sokn i Indre Fosen kommune, lengst sør på Fosenhalvøya ut mot Trondheimsfjorden. Soknet utgjer den sørlegaste delen av kommunen. Bygda er mykje prega av jordbruk. «Staværingsbåten» er kjent frå ferdene frå Stadsbygd til Lofotfisket.

Namnet Stadsbygd kjem av norrønt staðr, som stammar frå namnet på halvøya som stikk ut i fjorden.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne