Statens vegvesen

Statens vegvesen


TypeForvaltingsorgan
VirkefeltNoreg
Skipa1864[1]
Org.nummer971032081
VegdirektørIngrid Dahl Hovland
HovudkontorVegdirektoratet
Lokale ledd5 regionar
EigarSamferdsledepartementet
Budsjett29,8 milliardar kr. (2018). Omsetning på 60,3 milliardar kr (2018)
Tilsette7 085 (2018)
Nettsidehttps://www.vegvesen.no

Statens vegvesen er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdsledepartementet.

Nasjonale mål frå regjeringa set krav til tryggleik, miljø og eit effektivt transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Statens vegvesen skal medverke til at desse nasjonale måla vert følgt opp.

Som veg- og vegtrafikkforvaltar er Statens vegvesen vegadministrasjon for staten på riksvegane (10 700 km) og for fylkeskommunane på fylkesveg (om lag 44 600 km). Dette inneber å ta vare på, planlegge, utvikle, drifte og vedlikehalde vegane. Etaten har også ansvar for riksvegferjene.

Som fagorgan skal Statens vegvesen sørge for utgreiingar, fakta og forslag til Samferdsledepartementet sitt arbeid med Nasjonal transportplan, statsbudsjettet og andre stortingsdokument. Forsking og formidling av resultata, utvikling av retningslinjer og rettleiingsmateriell i tillegg til kontakt med utdanningsinstitusjonar er viktig i den samanhengen. I tillegg til å vere Samferdsledepartementet sitt fagorgan, er Vegvesenet gjennom[2] fagorgan for fylkeskommunane. Det inneber at etaten, på oppdrag frå fylkeskommunen yter utgreiingar, fakta og forslag til deira arbeid med budsjett, langsiktige planar og andre dokument.

Ein viktig del av fagansvaret til Statens vegvesen er å medverke til løysingar som er gode for natur, miljø og trafikktryggleik. Etaten yter også fagkompetanse på område som heilskapleg bypolitikk og kollektivtransport.

Rolla som myndigheitsorgan inneber at Statens vegvesen har ansvar for kontroll av køyretøy, tilsynsoppgåver og gjennomføring av førerprøver. På fleire område har etaten mynde til å utvikle og godkjenne regelverk og fatte vedtak som gjeld trafikant og køyretøy. Vegvesenet vedtek forskrifter og normalar på enkelte område for offentleg veg og handhevar lover, forskrifter og normalar på riksveg. Der nasjonale mål vert utfordra, kan sektoransvaret gi fullmakt til å komme med motsegn på planar etter Plan- og bygningslova.[3]

  1. «150-årsjubileet». Statens vegvesen. Henta 5. mai 2017. 
  2. sams vegadministrasjon Arkivert 2018-10-10 ved Wayback Machine.
  3. «Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 29. mai 2019 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne