Stavanger kommune

Denne artikkelen handlar om kommunen Stavanger. For sjølve byen, sjå Stavanger.
Stavanger kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Stavanger
Areal 262,52 km²
 •  land 256,52 km²
 •  vatn 6,00 km²
Folketal 149 048  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H)
Kommunenr. 1103
Kart
Stavanger kommune
58°58′12″N 5°43′53″E / 58.97°N 5.7313888888889°E / 58.97; 5.7313888888889
Wikimedia Commons: Stavanger
Nettstad: www.stavanger.kommune.no

Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne