Stokken

Stokken kyrkje

Stokken er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke.

Frå 1837 var Stokken saman med Barbu og Tromøy ein del av Austre Moland formannskapsdistrikt. Barbu og Tromøy blei skilde ut som eigne kommunar i 1878.

1. juli 1919 blei Stokken skild ut frå Austre Moland som eigen kommune. Stokken hadde då 1 683 innbyggjarar, og hadde eksistert som eige kyrkjesokn sidan 1878.

1. januar 1962 blei Stokken, Austre Moland, Flosta og Strengereid krets i Tvedestrand slått saman til ein ny storkommune som fekk namnet Moland kommune. Stokken hadde då 2 783 innbyggjarar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne