Stord kommune

Stord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Leirvik
Areal 143,73 km²
 •  land 137,52 km²
 •  vatn 6,21 km²
Folketal 19 287  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Sigbjørn Framnes (FrP)
Kommunenr. 4614
Kart
Stord kommune
59°48′29″N 5°27′59″E / 59.808055555556°N 5.4663888888889°E / 59.808055555556; 5.4663888888889
Wikimedia Commons: Stord
Nettstad: www.stord.kommune.no

Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Vestland fylke, i Sunnhordland. Namnet «Stord» kjem frå norrønt og tyder ‘den høgreiste’. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 14 000 innbyggjarar.[1] Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 3 500 innbyggjarar.[1] Totalt er det 18 775 innbyggjarar i Stord kommune.[2] Industriverksemdene Kværner Stord, Wärtsila og Apply Leirvik sysselset kring 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.

Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er etter kommunevalet i 2023, ein koalisjon mellom H, Frp, KrF og V. Sigbjørn Framnes frå Framstegspartiet er ordførar, medan Øyvind Kyvik frå Høgre er varaordførar.[3]

Stord sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag har tidlegare spela i eliteserien, Stord Sumo Klubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.

  1. 1,0 1,1 «Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2015». Henta 08.11.2016. 
  2. «Folkemengde og befolkningsendringar, 2. kvartal 2016». Henta 08.11.2016. 
  3. Haldis Lauksund (19. oktober 2023), «Sigbjørn Framnes (Frp) ny ordførar - Stord kommune», www.stord.kommune.no, henta 20. oktober 2023 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne