Strandebarm kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Strandebarm | ||
Fellesråd | Kvam | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Vangberg | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1876[1] | ||
Tårn | I vest | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 550 | ||
![]() Strandebarm kyrkje 60°16′10″N 6°00′47″E / 60.26944444°N 6.01305556°E | |||
Wikimedia Commons: Strandebarm kirke |
Strandebarm kyrkje står i Strandebarm i Kvam herad i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Arkitekt for kyrkja var Ole Vangberg.
Kyrkja er soknekyrkje i Strandebarm sokn i Hardanger og Voss prosti.
Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til har vore i Strandebarm. Den fyrste, som var ei stavkyrkje, finn ein fyrst nemnd i kjeldene frå 1306. Stavkyrkja brann ned i 1659. Det vart då bygd ei ny kyrkje som stod til ho vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja.[2]