Sunndal kommune

Sunndal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Sunndalsøra
Areal 1 713 km²
 •  land 1 653 km²
 •  vatn 60 km²
Folketal 7 227  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Ståle Refstie (Ap)
Kommunenr. 1563
Kart
Sunndal kommune
62°36′46″N 8°38′03″E / 62.612777777778°N 8.6341666666667°E / 62.612777777778; 8.6341666666667
Wikimedia Commons: Sunndal
Nettstad: www.sunndal.kommune.no

Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad.

Sunndal har ca. 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca. 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.

Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne