Surnadal kommune

Surnadal kommune
kommune
Utsyn over Surnadalsfjorden
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Skei
Areal 1 366,05 km²
 •  land 1 322,26 km²
 •  vatn 43,79 km²
Folketal 5 953  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Hugo Pedersen (Sp) (2023)
Kommunenr. 1566
Kart
Surnadal kommune
62°56′51″N 8°46′12″E / 62.9475°N 8.77°E / 62.9475; 8.77
Wikimedia Commons: Surnadal
Nettstad: www.surnadal.kommune.no

Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Heim kommune i nord, Rindal i aust og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik.

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden[treng kjelde]. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.

Det milde klimaet og jordsmonet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei. Surnadal har ferjesamband med Sunndal over KvanneRykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjende diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne