Tana kommune

For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.
Tana kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Tana bru
Areal 4 051,35 km²
 •  land 3 893,13 km²
 •  vatn 158,22 km²
Folketal 2 807  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Jon Erland Balto[1] (Sp)
Kommunenr. 5628
Kart
Tana kommune
70°11′47″N 28°11′12″E / 70.196388888889°N 28.186669444444°E / 70.196388888889; 28.186669444444
Wikimedia Commons: Tana
Nettstad: www.tana.kommune.no

Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.

Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua mellom Roavvegieddi og bygda Utsjok.

Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.

  1. «Ny ordfører i Tana kommune». NRK (på norsk bokmål). 12. oktober 2023. Henta 24. november 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne