The Dave Clark Five

The Dave Clark Five

OpphavTottenham i London i England
Aktiv1957–1970
SjangerPoprock, beat
PlateselskapColumbia (EMI), Epic, Capitol
Tidlegare medlemmerDave Clark
Mike Smith
Lenny Davidson
Rick Huxley
Denis Payton
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Dave Clark Five var eit engelsk poprockband skipa i Tottenham i 1957. Singelen deira «Glad All Over» slo The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå toppen av UK Singles Chart i januar 1964. Songen nådde sjetteplassen i USA i april 1964.[1] «Over And Over» gjekk til topps i USA for gruppa i desember 1965.

Dei var den andre gruppa i den britiske bølgja som spelte på The Ed Sullivan Show, der dei var i mars, to veker etter The Beatles hadde spelt der tre veker på rad i februar 1964. For ei stund var Dave Clark Five meir populære i USA enn i heimlandet, sjølv om dei fekk ein renessanse i Storbritannia mellom 1967 og 1970. Gruppa vart oppløyst seint i 1970. Den 10. mars 2008 vart gruppa innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

  1. Gundersen, Edna (6. mars 2008). «For Dave Clark Five, the accolades finally arrive – USATODAY.com». Usatoday.com. Henta 28. april 2018. 
  2. «Inductees for 2008». Rock and Roll Hall of Fame official website. 13. desember 2007. Arkivert frå originalen 1. februar 2008. Henta 28. april 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne