Tolga kommune

Tolga kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Tolga
Areal 1 123 km²
 •  land 1 101 km²
 •  vatn 22 km²
Folketal 1 604  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Bjørnar Tollan Jordet (SV)
Kommunenr. 3426
Kart
Tolga kommune
62°24′05″N 11°01′20″E / 62.401388888889°N 11.022222222222°E / 62.401388888889; 11.022222222222
Wikimedia Commons: Tolga
Nettstad: www.tolga.kommune.no

Tolga er ein kommune i Nord-Østerdal i Innlandet fylke. Han grensar til Os kommune i nord, Engerdal og Rendalen i sør og til Tynset i vest. Tettstaden Tolga er administrasjonssenter.

Kommunen har ei flatevidd på over 1100 km², men har færre enn 1700 innbyggjarar. 2,4 % av arealet er dyrka mark, medan 2/3 av arealet er snaufjell. Nærare 20 % av arealet i kommunen er verna, og Forollhogna nasjonalpark, som delvis ligg i kommunen, er størst og mest kjend.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne